Friidrettsutøvaren Torstein Dahle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Torstein Dahle (fødd 14. september 1960) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen som vart norsk meister i tresteghopp i 1981, 1984 og 1985. Han var medlem i Fana Idrettslag til 1983, sidan representerte han IL i BUL.
Remove ads
Karriere
Dahle hoppa personbeste 15,34 meter i 1981-sesongen, året då han også vann sitt fyrste NM-gull. Dei neste to åra forbetra han sitt personbeste tresteghopp til høvesvis 15,60 m i 1982 og 15,97 m i 1983, begge resultata var norske årsbeste. Den 19. juni 1985 i svenske Växjö sette Dahle personleg rekord med 16,20 meter, han vart då den fjerde nordmannen som hoppa over 16 meter i øvinga. Under NM i friidrett 1985 landa han på 16,38 m, men grunna for sterk medvind fekk han ikkje godkjent sitt livs lengste tresteghopp som personbeste.
Medaljar i noregsmeisterskap
Remove ads
Kjelder
- Torstein Dahle i friidrett.no
- Torstein Dahle i «Bergens Arbeiderblad». 21. juni 1985. s. 11.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads