Porsgrunn

by i Telemark From Wikipedia, the free encyclopedia

Porsgrunn
Remove ads

Porsgrunn er ein by og administrasjonssenter i Porsgrunn kommune i Telemark. Byen ligg ved den nedste delen av Porsgrunnselva og utgjer den delen av tettstaden Skien/Porsgrunn som ligg i Porsgrunn kommune. Porsgrunndelen av denne tettstaden har 33 346 innbyggjarar (2015).[1]

Thumb
Vestsida i Porsgrunn.
Denne artikkelen handlar om byen Porsgrunn. For kommunen, sjå Porsgrunn kommune. For tettstaden, sjå Skien/Porsgrunn.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Byen ligg om lag fem kilometer frå E 18 og aust for elva går riksveg 36. Det er samband med jernbane austover gjennom Vestfoldbanen og nordover til Nordagutu gjennom Sørlandsbanen. Det er også gode samband via sjøvegar.

Porsgrunn har ei avdeling av sjukhuset Telemark. Byen har også vidaregåande skolar og Høgskolen i Telemark med teknologiske fag og helsefag. På Eidanger om lag fire kilometer frå sentrum er det ein folkehøgskole, Grenland Folkehøgskole, med idretts- og reiselinjer.

Remove ads

Byskildring

Byen ligg på begge sidene av den nedre delen av Porsgrunnselva, og strekker seg til Eidanger kyrkje i søraust. Den eldste og største delen av byen ligg på austsida. Her er sentrum i byen, med rådhus, museum og forretningsstrøk.

Ei klaffebru bind aust- og vestsida saman over elva, og brua opnar seg for båttrafikk. Nedanfor brua er det industriverksemder, nokre med eigne kaier. I byen ligg kyrkjene Østre Porsgrunn kyrkje og Vestre Porsgrunn kyrkje.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads