Frikativ
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein frikativ er ein konsonant som er kjenneteikna ved at lufta blir hindra når ho kjem ut via taleorgana, men ikkje hindra så mykje at ho blir stoppa. Han blir danna ved at to artikulasjonsstader dannar ein trong kanal som luft blir pressa gjennom.[1] Frikativar i norsk er labiodentalen /f/, laminalalveolaren /s/, retrofleksen /ʂ/, dorsal-palatalen /ç/ og glottalen /h/.
Sibilantar er ei særskild undergruppe av frikativar. Når ein dannar ein sibilant, blir luft framleis pressa gjennom ein trong kanal, men i tillegg blir tunga krølla slik at lufta blir ført over kanten av tennene.[1]
Stemde frikativar er ikkje vanlege i norsk. Engelsk har labiodentalen /v/, laminal-dentalen /ð/, laminal-alveolaren /z/ og laminal-postalveolaren /ʒ/, medan den norske «v-lyden» oftast blir uttala som approksimanten /ʋ/.
Frikativar og plosivar blir med ei felles nemning kalla obstruentar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads