Obstruent
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Obstruent er ein oral språklyd som har ei så sterk innsnevring i talekanalen[1] (svelget eller munnhola) at det anten oppstår eit fullstendig lukke (som ved plosivar og affrikatar) eller at det oppstår høyrbar friksjon (som ved affrikatar og frikativar).
Nemninga omfattar desse typane språklydar:
- Orale lukkelydar – til dømes [p b p' t d t' k ɡ k'][a]
- Klikkelydar – til dømes [kǀ k! kǂ kǁ ɡǀ ɡ! ɡǂ ɡǁ ŋǀ ŋ! ŋǂ ŋǁ ]
- Affrikatar – til dømes [ʦ ʣ ʦ' ʧ ʤ ʧ'][b]
- Frikativar – til dømes [f v f' s z s' ʃ ʒ ʃ' x ɣ][c]
Ein språklyd som ikkje er ein obstruent, er ein sonorant.[2]
Remove ads
Etymologi
Ordet obstruent er danna av det latinske verbet obstruō 'mure att, stengje'.
Merknadar
- [p b t d k ɡ] er plosivar (det vil seie pulmonisk egressive orale lukkelydar, medan [p' t' k'] er glottalisk egressive orale lukkelydar, eller ei undergruppe av ejektivane.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads