Frikk Heide-Steen

norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Frikk Heide-Steen (fødd 2. juli 1988 i Bærum) er ein norsk songar og dirigent. Han er son til komikaren Harald Heide-Steen jr. Han er utdanna ved Bårdar Akademiet og Norges Musikkhøgskole. Heide-Steen ar musikalsk erfaring frå ulike sjangrar, frå klassisk til jazz, pop, musicals og elektronisk musikk (EDM). Han har medverka på fleire plater, og er tilsett som dirigent for NRKs guttekor Sølvguttene.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Eurovision

Melodi Grand Prix 2014

Frikk Heide-Steen deltok med singelen «Frozen By Your Love» i den fyrste semifinalen i Melodi Grand Prix 2014, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av TIMBRE, under namnet Anders Bratterud, og Andrew Bullimore, og vart framført på engelsk av TIMBRE, Frikk Heide-Steen og Ida Stein. Bidraget vart det fyrste i sjangeren house sidan Melodi Grand Prix vart starta i 1960.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads