Friedrich Sämisch

From Wikipedia, the free encyclopedia

Friedrich Sämisch
Remove ads

Friedrich (Fritz) Sämisch (20. september 189616. august 1975), fødd og død i Berlin, var ein tysk stormeister i sjakk. Han var blant dei første 27 som Verdssjakkforbundet FIDE utnemnde til stormeister i sjakk i 1950, i hans tilfelle for sterke turneringsresultat på 1920-talet.

Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
Kjappe fakta
Remove ads

Utvalde turneringsresultat

  • 2-plass i Berlin 1920
  • 1-plass i Wien, Austerrike i 1921 - meister i den første, uoffisielle sjakkmeisterskapen for Austerrike, framom Euwe, Breyer, Grünfeld og Tartakower
  • 2-plass i Hamburg 1921
  • delt 2-plass med Tartakower, etter Nimzowitsch, i København 1923
  • 3-plass i Baden-Baden 1925, etter Alexander Alekhine og Akiba Rubinstein
  • delt 1-plass med sir George Thomas i Spa, Belgia 1926
  • 1-plass i Dortmund 1928, framom Réti, Johner og Bogoljubow
  • delt 1-plass med Réti i Brünn 1928
  • 1-plass i Swinemünde 1930

I 1922 vann han ein tvikamp i Berlin mot Réti (+ 4 1 = 3).

Det er mogleg at det best kjende Sämisch-partiet er eit han tapte, mot Nimzowitsch i København i 1923, det såkalla udødelege trekktvang-partiet. Men han hadde også mange vakre vinstparti, eit av dei var sigeren mot Grünfeld i Carlsbad 1929, som han fekk ein venleikspris for. I same turneringa vann han også mot den tidlegare verdsmeisteren i sjakk Capablanca. Cubanaren miste ein offiser i opninga, men gav likevel ikkje opp - noko som er vanleg i sjakkparti mellom spelarar på dette nivået. Sämisch rodde likevel sigeren i hamn.

Då han var 73 spelte Sämisch i Adolf Anderssen minneturnering i Büsum, Tyskland, og deretter i ei turnering i Linköping, Sverige - men tapte alle partia i begge turneringane fordi han overskreid tenketida si i partia.

Remove ads

Opningsteori

Sämisch er i dag mest kjend for to viktige bidrag i sjakkopningsteori. To viktige variantar har hans namn, og blir altså begge kalla Sämisch-varianten:

  • ein variant i kongeindisk forsvar: 1. d4 Sf6 2. c4 g6 3. Sc3 Lg7 4. e4 d6 5. f3
  • ein variant i Nimzo-indisk forsvar: 1. d4 Sf6 2. c4 e6 3. Sc3 Lb4 4. a3

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads