Fritz Walter
tysk fotballmanager og fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Friedrich Walter (31. oktober 1920–17. juni 2002), kjend som Fritz Walter, var ein tysk fotballspelar frå Kaiserslautern. Han var kaptein på Vest-Tyskland sitt landslag som vann VM i fotball 1954.
Indreløparen Fritz Walter spelte på FC Kaiserslautern frå 1938 til 1959. Med laget frå heimbyen vart han tysk meister i 1951 og 1953, etter finalsigrar over høvesvis Preußen Münster og VfB Stuttgart.
Walter debuterte på det tyske landslaget i juli 1940 og deltok i 24 landskampar i tida fram til november 1942. Tysklands landslag var dei åra eit nazi-lag som omfatta både Tyskland og Austerrike. Han spelte sin 25. landskampa i april 1951. Då Vest-Tyskland tok seg heilt til finalen i fotball-VM 1954 og stod for «Miraklet i Bern», var Walter kaptein på laget. Den 24. juni 1958 spelte han sin 61. og siste landskamp i Göteborg, ein semifinale i VM i fotball 1958 som vertslandet Sverige vann med 3-1. Walter skåra i alt 33 landslagsmål, 19 av dei for Nazi-Tyskland.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fritz Walter» frå Wikipedia på tysk, den 5. juni 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads