Froland kommune
kommune i Agder fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Froland er ein kommune i Agder fylke. Kommunen grensar i nord mot Åmli, i nordaust mot Vegårdshei, i søraust og sør mot Arendal i sørvest mot Birkenes, og i vest mot Evje og Hornnes og Bygland.
Kommunen vart til ved samanslåing av tidlegare Froland og Mykland kommunar i 1967.
Remove ads
Historikk
Frolands verk vart grunnlagd som jernverk i 1763 og drive slik fram til 1867. Etter kvart tok skogsdrift og sagbruk over. I dag er hovudbygget frå 1791 freda, og den gamle stallen vert nytta som kultursenter.
Næringsliv
Energiselskapet Arendals fossekompani, grunnlagd 1896, driv tre kraftstasjonar i Froland og Åmli. Energiselskapet har hovudkontoret sitt på Bøylefoss i Froland.
Nelaug i Froland er fyrste stasjon på Arendalsbanen (tidlegare Nelaugbanen), som bind saman Sørlandsbanen og Arendal.
Kommunevåpenet vart godkjend i 1986. Det viser eit sylvfarga ekorn mot ein grøn bakgrunn. Grønfargen symboliserer skog og skogsdrift.
Remove ads
Kjende personar med tilknyting til Froland
- Niels Henrik Abel, matamatikar. Han døydde på Frolands verk i april 1829 og er gravlagd på Froland kyrkjegard.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads