Frotveit
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Frotveit er ein gard i Fana i Bergen kommune ved Bontveitvegen i den tronge dalen om lag 6 km nordaust for Kalandsvatnet, vest for Frotveitvatnet.
Det er framleis gardsdrift på garden.
Det ligg ei lysløype på garden frå Bontveitvegen i ei sløyfe 3,7 km tilbake igjen. Løypa har vore i bruk sidan 1985 for treningføremål og vart etablert i lag med Frotveit skiskyttarlag og andre idrettslag. Sidan løypa ligg kring 300 meter over havet, er her ofte snø om vinteren.
Remove ads
Namn

Namnet kjem frå det norrønt Fróðaþveit, som kjem av mannsnamnet Frode og tveit, som tyder «lite jordstykke».
Historie
I mellomalderen høyrte garden til Nonneseter kloster, men vart i 1528 overteke av Vincens Lunge. Frå kring 1650 var garden ein del av godset til Hannibal Sehested, og frå 1680-åra høyrte han til lektoratet ved Latinskolen. I 1741 tok Seminarum Fredricianum over garden, og sidan 1835 var garden i bondesjølveige.
Geografi
Garden ligg i dalen som strekkjer seg nordaustover frå Kalandsvatnet og oppover mot Bontveit, mellom Solbakkafjellet (458 moh) i sør, Frotveitsvatnet, Lundåsane (361 moh) og Orruta (358 moh) i aust, Ulvursfjellet (677 moh) i nord og vest.
Garden grensar til Riple i vest, Bontveit i nord, Lund i nordaust, Håland i aust, Fjelltveit i sør og Gimmeland i sørvest.
Kjelder
- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads