Håland i Bergen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Håland er ein gard i Fana i Bergen kommune nord for Samdalsvatnet.
Det er framleis gardsdrift på garden. Garden er liten, berre vel 1x1 km.
Remove ads
Namn
Forstavinga i namnet kjem truleg frå eit eldre elvenamn.
Historie
Garden høyrte i mellomalderen til Nonneseter kloster. I 1528 vart garden overteken av Vincens Lunge, og fram til 1775 vart han driven saman med Bontveit. Frå den tid var garden i bondesjølveige.
Samdal skole, som vart nedlagd i 2009, vart bygt på garden i 1898.
Geografi
Garden ligg i vestsida av Samdalen, oppover mot Lundåsane (361 moh). Garden ligg på vestsida av Hausdalsvegen.
Garden grensar til Samdal i sør, aust og nordvest, til Lund i nord og Frotveit i vest.
Kjelder
- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads