Frozen Fever
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Frozen Fever (norsk tittel Frostfeber) er ein dataanimert kortfilm frå 2015, produsert av Walt Disney Animation Studios og utgjeve av Walt Disney Pictures.[3] Han er basert på spelefilmen Frozen (Frost) frå 2013, og fortel historia om fødselsdagsfeiringa til Anna,[3] stelt til av Elsa med hjelp frå Kristoffer, Svein og Olaf. Chris Buck og Jennifer Lee var på ny regissørar, med stemmeskodespelarane Kristen Bell, Idina Menzel, Jonathan Groff og Josh Gad i dei same rollene som i den første filmen.
Produksjonen av Frozen Fever byrja i juni 2014 og tok seks månader å fullføre. Filmen debuterte 13. marsk 2015 på kinoar saman med spelefilmen Cinderella.[4] Han fekk positiv mottaking frå kritikarar, i tillegg til ros for den nye songen «Making Today a Perfect Day» av Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads