Fugleslekta Chloris

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Fugleslekta Chloris
Remove ads

Chloris (grønfinkar) er ei fugleslekt i finkefamilien som inkluderer fem arter med til saman 20 takson. Slekta sorterer i tribuset Carduelini, som tilhøyrer underfamilien Carduelinae.[1] Artene er utbreidde i Palearktis, dei fleste i Asia.

Kjappe fakta

Artene var tidlegare rekna til slekta Carduelis, men denne viste seg å vera ei polyfyletisk gruppe. Mange arter blei difor flytte til nye slekter, og akkurat desse fem artene viser seg å ikkje eingong vera spesielt nært i slekt med Carduelis. Chloris er no ei monofyletisk gruppe, og gruppa blir rekna som systergruppa til Linurgus.[2][1][3]

Remove ads

Inndeling

Inndelinga og rekkjefølgja hennar følgjer HBW Alive og er i samsvar med Collar, Newton & Bonan (2017).[3] Norske namn på artene følgjer Norsk navnekomité for fugl og er i samsvar med Syvertsen et al. (2008).[4] Namn og skildringar i parentes er ikkje offisielle namn, men berre mellombelse skildringar i påvente av offisielle namn.  

  • Passeriformes, sporvefugler
    • Passeri, songfuglar
      • Passerida
        • Passeroidea
          • Fringillidae, finkefamilien
            • Fringillinae, (sanne finkar)
            • Euphoniinae, (neotropisfinkar)
            • Carduelinae, (stillitsfinkar)
              • Coccothraustini, (kjernebitarfinkar)
              • Drepanidini, (hawaiifinkar)
              • Carpodacini, rosenfinkar
              • Pyrrhulini, (dompapar og nære slektningar)
              • Carduelini, (stillitsar og nære slektningar)
                • Haemorhous
                • Rhodospiza
                • Rhynchostruthus
                • Chloris, (grønfinkar)
                  • C. chloris, grønfink
                  • C. sinica, orientfink
                  • C. spinoides, himalayafink
                  • C. monguilloti, vietnamfink
                  • C. ambigua, yunnanfink
                • Linurgus
                • Crithagra
                • Linaria
                • Acanthis
                • Loxia, krossnebbar
                • Chrysocorythus
                • Carduelis, stillitsar
                • Serinus, (iriskar)
                • Spinus
Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads