Fugleslekta Passer

slekt i sporvefamilien From Wikipedia, the free encyclopedia

Fugleslekta Passer
Remove ads

Passer er ei biologisk slekt av sporvar i «den gamle verda». Desse sporvane er tjukkfalne, små brune eller grå fuglar, ofte med svarte, gule eller kvite teikningar. Typisk lengd er 10-20 centimeter, dei har korte halar og korte, koniske nebb. Dei er selskaplege og vil danne store flokkar, og nokre, men ikkje gråsporv, har behageleg læte.[1]

Kjappe fakta

Dei fleste medlemmene finst naturleg i opne habitat i varmare klima i Afrika og sørlege Eurasia. Ifølgje ein molekylær studie publisert i 2001, har slekta opphav i Afrika, og boarsporv har den mest basale avstamminga.[2] Fleire artar har tilpassa seg busetjingar åt menneske. Med hjelp av nære relasjonar til menneske, har spesielt gråsporv nytta høve til å utvide utbreiinga si langt utover kva som truleg var den opphavlege heimplassen i Midtausten.[3] Bortsett frå naturleg kolonisering, har gråsporv vorte introdusert til mange delar av verda utanfor sitt naturlege utbreiingsområde, inkludert Amerika, Afrika sør for Sahara og Australia. Pilfink har òg vorte innført i mindre skala, med populasjonar i Australia og lokalt i Missouri og Illinois i USA.[3]

Passer-sporvar byggjer eit rotete reir, som, avhengig av art og hekkeområdet, kan vere i ein busk eller eit tre, eit naturleg hòl i eit tre, i ein bygning eller i taktekkinga, eller i store reirstrukturar som storkereir. Kullet kan vere på opptil åtte egg og blir ruga av begge foreldra, vanlegvis i 12-14 dagar. Det tar deretter 14-24 dagar før ungane er flygedyktige.[4]

Passer-sporvar beitar primært på bakken som frøetarar, sjølv om dei òg et små insekt spesielt i hekketida. Nokre få artar, som gråsporv og landsbysporv, søkjer føde rundt byar, og er nesten altetande.[5]

Remove ads

Artslista

Passer-sporvar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

  • Oasesporv, Passer ammodendri, Saxaul Sparrow, Gould, 1872, (LC)
  • Gråsporv, Passer domesticus, House Sparrow, Linné, 1758, (LC)
  • Romarsporv, Passer italiae, Italian Sparrow, Vieillot, 1817, (VU)
  • Middelhavssporv, Passer hispaniolensis, Spanish Sparrow, Temminck, 1820, (LC)
  • Indussporv, Passer pyrrhonotus, Sind Sparrow, Blyth, 1845, (LC)
  • Somalisporv, Passer castanopterus, Somali Sparrow, Blyth, 1855, (LC)
  • Kanelsporv, Passer cinnamomeus, Russet Sparrow, Temminck, 1835, (LC)
  • Thaisporv, Passer flaveolus, Plain-backed Sparrow, Blyth, 1845, (LC)
  • Tamarisksporv, Passer moabiticus, Dead Sea Sparrow, Tristram, 1864, (LC)
  • Kappverdesporv, Passer iagoensis, Cape Verde Sparrow, Gould, 1838, (LC)
  • Kurisporv, Passer hemileucus, Abd al Kuri Sparrow, Ogilvie-Grant & Forbes, 1899, (VU)
  • Sokotrasporv, Passer insularis, Socotra Sparrow, Sclater, PL & Hartlaub, 1881, (LC)
  • Akasiesporv, Passer motitensis, Great Rufous Sparrow, Smith, A, 1836, (LC)
  • Masaisporv, Passer rufocinctus, Kenya Rufous Sparrow, Finsch & Reichenow, 1884, (LC)
  • Savannesporv, Passer shelleyi, Shelley's Rufous Sparrow, Sharpe, 1891, (LC)
  • Kordofansporv, Passer cordofanicus, Kordofan Rufous Sparrow, Heuglin, 1871, (LC)
  • Boarsporv, Passer melanurus, Cape Sparrow, Statius Müller, 1776, (LC)
  • Landsbysporv, Passer griseus, Northern Gray-headed Sparrow, Vieillot, 1817, (LC)
  • Oskesporv, Passer swainsonii, Swainson's Sparrow, Rüppell, 1840, (LC)
  • Tjukknebbsporv, Passer gongonensis, Parrot-billed Sparrow, Oustalet, 1890, (LC)
  • Swahilisporv, Passer suahelicus, Swahili Sparrow, Reichenow, 1904, (LC)
  • Kraalsporv, Passer diffusus, Southern Gray-headed Sparrow, Smith, A, 1836, (LC)
  • Ørkensporv, Passer simplex, Desert Sparrow, Lichtenstein, 1823, (LC)
  • Sandsporv, Passer zarudnyi, Zarudny's Sparrow, Pleske, 1896, (LC)
  • Pilfink, Passer montanus, Eurasian Tree Sparrow, Linné, 1758, (LC)
  • Sahelsporv, Passer luteus, Sudan Golden Sparrow, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC)
  • Solsporv, Passer euchlorus, Arabian Golden Sparrow, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Brunsporv, Passer eminibey, Chestnut Sparrow, Hartlaub, 1880, (LC)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads