Fugleslekta Sula

fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Fugleslekta Sula
Remove ads

Sula er ei biologisk slekt av sjøfuglar i sulefamilien, Sulidae. Leveområdet er generelt pantropisk. Desse sulene lever pelagiske og hekkar typisk på øyar fjernt frå kontinenta.

Kjappe fakta

Slekta Sula blei introdusert av den franske zoologen Mathurin Jacques Brisson i 1760.[1] Typearten er brunsule.[2] Namnet kjem frå súla, det norrøne og islandske ordet for arten havsule i Nord-Atlanteren.[3]

Remove ads

Skildring

Dette er store sjøfuglar med små skilnader i storleik mellom artane. Typisk ligg kroppslengda mellom 70 og 84 cm, og kroppsmassen på 1,1 - 2,3 kg. Kjønna er like, men hoene er ofte litt større enn hannane. Raudfotsule er ein liten art i slekta, 69-79 cm og 0,9-1,1 kg.[4]

Sula-artane har lange spisse venger, avsmalnande halar og kraftige, spydforma nebb. Fjørdrakta er kontrastrikt mønstra i kvitt og svart eller brunt, nebb og bein har ofte lyse eller klåre fargar.

Utbreiingsområdet er over alle tropiske hav. Her fangar dei fisk ved å stupe frå ei høgde ned i sjøen og jage byttet under vatn. Luftsekkar under huda i ansiktet dempar slaget når dei treff vatnet. Dette er fuglar som hekkar i koloniar på øyar og kystar. Dei legg normalt eitt eller fleire kritkvit-blå egg på bakken eller av og til i eit reir i tre. Selektivt press, truleg på grunn av ressurskonkurranse, har forma økomorfologien og åtferda til dei seks suleartane i Stillehavet.

Namnsetting

Det engelske fellesnamnet 'booby' for medlemmer i denne slekta kjem truleg frå det spanske slangordet bobo, som betyr «dum». Dei tamme fuglane hadde for vane å lande om bord på seglskip, der dei lett kunne bli fanga og etne. På grunn av dette blir suler ofte nemnde som mat for skipbrotne sjømenn, spesielt i forteljinga om William Bligh frå skipet Bounty og hans tilhengjarar etter at dei blei sett ut på sjøen av Fletcher Christian og hans følgje.[5] Det norske fellesnamnet 'sule' er brukt både for alle medlemmer av Sula og for artane i den andre slekta av sulefamilien, nemleg Morus som inkluderer havsule.[6]

Remove ads

Galleri

Artsoversyn

Slekt Sula i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024,[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6] Alle artane er klassifiserte som livskraftige.[8]

Treliste
  • Sulefamilien, Sulidae
    • Slekt Papasula
    • Slekt Morus
    • Slekt Sula
      • Raudfotsule, Sula sula, Red-footed Booby, (Linnaeus, 1766), (LC)
      • Brunsule, Sula leucogaster, Brown Booby, (Boddaert, 1783), (LC)
      • Maskesule, Sula dactylatra, Masked Booby, Lesson, RP, 1831, (LC)
      • Nazcasule, Sula granti, Nazca Booby, Rothschild, 1902, (LC)
      • Blåfotsule, Sula nebouxii, Blue-footed Booby, Milne-Edwards, 1882, (LC)
      • Humboldtsule, Sula variegata, Peruvian Booby, (Tschudi, 1843), (LC)

Taksonomi

Seks av dei ti nolevande artane i sulefamilien høyrer til i slekta Sula, medan dei tre artane vanlegvis blir plasserte i slekta Morus.[9] Christmassule var tidlegare inkludert i Sula, men er no skilt ut i ei monotypisk slekt, Papasula, som representerer ei eldgammal linje, kanskje nærare Morus. Slektene kan lett skiljast ved hjelp av osteologi, studie av skjeletta. Dei distinkte slektslinjene for Morus-suler og slekta Sula har eksistert i denne forma sidan minst midtre miocen (for 15 millionar år sidan).[10]

Fossilhistoria til slekta Sula er ikkje like godt dokumentert som for Morus, anten fordi artsdanninga i Sula var lågare frå sein miocen til pliocen, då mangfaldet av Morus var på sitt høgaste, eller fordi fossilhistoria for suler enno er ufullstendig, sidan dei fleste fossillokalitetane ligg i ekvatoriale eller sørlege halvkulestrøk.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads