Fugleslekta dryader
kolibrislekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dryader er ei biologisk slekt Thalurania av kolibriar med fire medlemmer som har eit leveområde frå Guatemala til Uruguay. Slekta er ein del av stammen Trochilini, «smaragdar», innanfor underfamilien Trochilinae.
Slektnamnet er frå gamalgresk, ei samansetting av thalos «barn» og ouranos «himmel».[1]
Remove ads
Skildring
Dryadeartar varierer i storleik, hannar er frå 10 til 13 centimeter, medan hoene generelt er ca. 2 centimeter kortare, rundt 8 til 11 centimeter. Begge kjønn har middels store, rett eller berre svakt nedkurva svarte nebb. Hannfuglar har typisk gaffelforma hale, lengda varierer mellom artar. Desse kolibriane viser levande og iriserande fargar, men med stor kjønnsdimorfisme. Hannane har ofte glitrande fiolett, blått og grønt i fjørdrakta på ulike delar av kroppen, inkludert hovud eller kroner, overside, strupeområde og halar. Halefjørene viser ofte nyansar av blått og stålblått. Hoene, derimot, er generelt meir dempa i farga, gråkvit til mørkare grå underside, elles med nyansar av grønt og blått i fjørdrakta. Dei lever i nedre delar av fuktig låglandsskog, og er ofte vanlige innanfor arten sitt utbreiingsområde. Generelt har artane tilpassa seg ulike habitat inkludert menneskeskapte miljø som skuggefulle hagar og landbruksplantasjar. Dei lever både i fuktig uforstyrra primærskog, halvopne område, inkludert plantasjar og parkar. Dei er også til stades i høgare andrevekstskogar. Dette er kolibriar med lågtliggande habitat, frå nært havnivå til 850 moh., glansdryade (Thalurania colombica) kan gå opptil 2000 moh. i Colombia.[2][3][4][5]
Artane i slekta har ikkje overlappande utbreiing, men lever nokre stader nært. Til dømes i Ecuador er dei fråskilte av Andes slik at glansdryade lever på stillehavssida, mens gaffeldryade (Thalurania furcata) lever på austsida i Amazonas.[6] Samla er utbreiingsområdet til desse fire artane frå Guatemala i nord til sørlegaste Brasil og Uruguay i sør.
- Hannfugl av glansdryade, Thalurania colombica
- Hoe av gaffeldryade, Thalurania furcata
- Hannfugl av svaledryade, Thalurania watertonii
- Hofugl av fiolettkronedryade, Thalurania glaucopis
Remove ads
Artslista
Slepkolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[7] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[8] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[9]
- Glansdryade, Thalurania colombica, Crowned woodnymph, (Bourcier, 1843), (LC)
- Gaffeldryade, Thalurania furcata, Fork-tailed woodnymph, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
- Svaledryade, Thalurania watertonii, Long-tailed woodnymph, (Bourcier, 1847), (EN)
- Fiolettkronedryade, Thalurania glaucopis, Violet-capped woodnymph, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads