Fuji-fjellet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fuji-fjellet (japansk 富士山, Fujisan) er det høgaste fjellet i Japan, og ligg like vest for Tokyo. Fjellet ligg nær Stillehavskysten på den sentrale øya Honshu. Tre mindre byar ligg rundt fjellet, Gotemba i aust, Fuji-Yoshida i nord og Fujinomiya i sørvest. Fjellet er 3776 m høgt og toppen er snødekt året rundt, sjølv om det ligg i ei temperert klimasone.
Remove ads
Fuji er eit velkjent symbol på Japan, og er eit populært turistmål, som ofte vert brukt som fotomotiv for postkort. Heile fjellet er òg ein stor vulkan, og har hatt fleire utbrot. Fjellet er rekna for å vere ein aktiv vulkan, men med berre låg risiko for utbrot. Det siste utbrotet skjedde i 1708.
Remove ads
Namn

Kanjiteikna for Fujifjellet, 富 og 士, tyder 'rikdom' og 'nokon med høg status', men desse reknar ein med er ateji, teikn valde i seinare tid fordi dei likna uttalen av namnet på fjellet. Namnet «Fuji» har uklart opphav, og fleire etymologiar er blitt føreslåtte opp gjennom åra, som 'rikdom', 'udøyeleg', 'utan like' eller 'rett som ein risplante'.
Sidan sisteteiknet 山 kan lesast 'yama' (fjell) har ein i Vesten utvikla ein tradisjon med å kalla fjellet Fujiyama, men dette vert som oftast ikkje nytta på japansk.
Remove ads
Soge
Fujifjellet er ein regelmessig vulkan som er synleg i ein vid omkrins, og har vore avbilda og lovprist i japansk kunst og litteratur. Hokusai sin '36 bilete av Fujifjellet' og 'Hundre bilete av Fujifjellet' er best kjende. Fjellet opptrer også i ei rekkje dikt.
Ein meiner at ein ukjend munk var først mann på toppen av fjellet i 663. Toppen av fjellet vart rekna som heilag, og var eit forbode område for kvinner fram til Meiji-perioden. Den første kjende utlendingen på toppen var sir Rutherford Alcock i 1860.
Remove ads
Galleri
- Fuji og vatnet Kawaguchi
- Fuji sett over bygningar i Shinjuku i Tokyo.
- Turgåarar som stig opp på Fuji-fjellet
- Arakurayama Sengen Park
- Soloppgang frå toppen av Fuji-fjellet
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads