Fuscherkarkopf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fuscherkarkopf er ein av to toppar på Glocknergruppa i Midtre Tauernhauptkamm i Hohe Tauern, eit fjellområde i Dei sentrale Alpane. Hovudtoppen når 3 331 meter over havet, medan nordvesttoppen er 3 252 moh. Dei to ligg om lag 500 meter frå einannan, mellom dei går ei bredekt, nedsvinga egg. Fjellet ligg på grensa mellom Kärnten og Salzburg i Austerrike.
Markante eggar går mot nordvest og vest, dei dannar høgste fjellkammen i massivet. Mot søraust går ein mektig fjellrygg, der søraustegga på Fuscherkarkopf tek til. Nordvesttoppen har ein veldig, i kring 650 meter høg vestvegg, som tidlegare var dekt av is. I dag er isen vekke og der er mest berre lause bergblokker.
Frå fjellhytta Hofmannshütte er toppen av Fuscherkarkopf lett å nå over sørvestegga. Frå toppen har ein vid og flott utsikt, særleg mot Großglockner og Pasterze.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fuscherkarkopf» frå Wikipedia på tysk, den 18. mars 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads