Fyresdal kommune

kommune i Telemark fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Fyresdal kommunemap
Remove ads

Fyresdal er ein norsk kommune som ligg sørvest i Telemark fylke. Han grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Kommunen vart oppretta som Moland ved innføringa av formannskapslovene i 1838 og har ikkje hatt grensebrigde. Namnet blei endra til Fyresdal i 1879. Kommuneadministrasjonen held til i tettstaden Fyresdal.

Remove ads

Namn og symbol

Namnet kjem av innsjønamnet Fyrir, det gamle namnet på Fyresvatn. Ordet fyrir er ein preposisjon som tyder det som ligg framanfor eller i vegen for ein. Dette gjorde vatnet då ein i folkevandringstida trengde seg oppover mot og inn i denne dalen utan farbare strender ein kunne ferdast langs. På norrønt vart det då Fyrisdalr, der førstedelen av namnet er genitiv av *Fyrir (no Fyresvatn). Det siste elementet, dalr, tyder 'dal'. Ein person frå Fyresdal vert kalla for «fyresdøl».

Kommunevåpenet til Fyresdal viser to skråstilte øksar i sølv på grøn botn. Det står for jordbruksnæring og skogdrift.[1] Våpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon den 24. april 1992.

Thumb
Utsyn over Fyresvatn
Remove ads

Geografi

Kommunen er prega av Fyresdalen, eit nord-sørgåande dalsystem med det 26 km lange Fyresvatnet i botnen.

Næringsliv

Dei viktigaste næringane i Fyresdal har gjennom lengre tid vore skogbruk og jordbruk, særleg med husdyr som sau og storfe. Skogane gir ein årleg produksjon på om lag 33 000 m³ tømmer kvart år.[1] Kommunen har òg tre kraftverk med ein årleg produksjon på 327 GWh. Fjellterrenget har lenge vore brukt til jakt og fiske, og trekker i dag turistar.

Det er litt industri i kommunen, mellom anna Telemark Kildevann som tappar kjeldevatn, ein mekanisk verkstad og møbel- og trevareindustri.

Samferdsle

Thumb
Tårnet på Fyresdal flyplass

Langs Fyresvassdraget gjennom kommunen går Fylkesveg 355 frå nord til sør, der han har samband med Rv. 41. I nord er han knytt saman med Fv. 38, og møter Europaveg 134 Drammen-Haugesund på Åmot i Vinje.[1] Like nord for administrasjonssenteret Fyresdal, ved Verpe, ligg ein småflyplass, Fyresdal flyplass.

Kultur

Ved Molandsmoen står Skeisteinen, ein runestein frå 1100-talet. Eit stort gravfelt ligg i parkområdet Øyskogen, med nokre freda furutre.

I kommunen ligg Moland kyrkje, ei krosskyrkje i tre frå 1843, og Veum kyrkje frå 1873.[1]

Kjende personar frå Fyresdal

  • Kjell Audun Aalandsli, trubadur
  • Jon Lauritz Qvisling, pastor, forfattar og slektsforskar
  • Vidkun Quisling (1887-1945), offiser og politikar avretta for landsforræderi
  • Ivar Peterson Tveiten, politikar og stortingspresident
  • Petter Veum, spelemann
  • Knut Trondsson, spelemann
  • John Lie, forfattar
  • Haakon Lie, forfattar
  • Bendik Taraldlien, forfattar og lokalhistorikar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads