Götzis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Götzis er ein by og ein kommune i distriktet Feldkirch i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 14,6 km² med om lag 11 000 ibuarar i 2015. Byen Götzis ligg 448 meter over havet.

Götzis er særleg kjend for dei årlege meistermøta for mangekjemparar, både for kvinner og menn, som vert avvikla på forsommaren. Tevlingane er dei mest prestisjetunge utanom dei store meisterskapane. Den 27. mai 2001 vart tsjekkiske Roman Šebrle her den aller fyrste som oppnådde over 9 000 poeng i ein tikamp; 9 026 poeng.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Götzis» frå Wikipedia på tysk, den 22. desember 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads