Gøril Kringen
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gøril Kringen (fødd 28. januar 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Stjørdal som vart olympisk meister med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney. Ho var ein innsatsfull forsvarsspelar.
Kringen var aktiv i Trondheims-Ørn frå 1990 til ho la opp i 2005. Perioden frå 1993 til og med 2003 var ho med om å vinne sju cupfinalar og sju seriemeisterskap for topplaget frå Trondheim.
I tida 1995-2001 spelte Kringen 72 landskampar, utan nokon gong å kome på skåringslista. Ho deltok i Fotball-EM 1997 og 2001, i den siste turneringa var ho lagkaptein, og ho var med i Fotball-VM 1999 og Sommar-OL 2000. Under sommarleikane i Sydney var Kringen midtstoppar og kaptein for det norske mannskapet som vann OL-finalen mot USA på såkalla «golden goal».
Remove ads
- Olympisk meister: 2000 for Noreg
- Seriemeister: 1994, 1995, 1996, 1997, 2000, 2001 og 2003 med Trondheims-Ørn
- Noregsmeister: 1993, 1994, 1996, 1997, 1998, 1999, 2001 og 2002 med Trondheims-Ørn
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Gøril Kringen» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2018.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads