Gabriel Lippmann

fransk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Gabriel Lippmann
Remove ads

Gabriel Jonas Lippmann (16. august 184513. juli 1921) var ein franskluxembourgsk fysikar og Nobelprisvinnar. I 1883 vart han professor i matematisk fysikk ved Sorbonne i Paris, og i 1886 i eksperimentell fysikk.

Kjappe fakta

Lippmann arbeidde mellom anna med undersøkingar av elektrolytisk polarisasjon og absolutte avgjersler av eininga ohm for resistans. Han fann opp ein direkte metode for fargefotografi i 1891, som ikkje fekk praktisk bruk. Denne metoden bygde på interferens mellom ljoset som fall direkte inn på ein film, og ljoset som vart reflektert frå ein spegl bak filmen. Interferensbiletet som oppstad var avhengig av bølgjelengda til ljoset. Ved belysning etter at filmen var framkalt, ville fargane i det ljoset som han var eksponert med, bli attgjeve. Metoden er omtrent den same som i dag blir nytta i holografi. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1908 for denne oppfinninga

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads