Gabriel Metsu

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gabriel Metsu
Remove ads

Gabriel Metsu (januar 162924. oktober 1667) var ein nederlandsk målar frå Leiden, særleg kjend for sine interiørbilete frå borgarlege miljø.

Thumb
Musikktimen, 1658
Kjappe fakta
Remove ads

Liv og gjerning

Thumb
'Mann som skriv brev'

Metsu arbeidde ei tid i heimbyen. Han skal visstnok ha gått i lære hos Gerard Dou, men bileta hans av mytologiske og religiøse motiv likna lite på Dou sine. Meir påverka var han av kunsten til Jan Steen. Frå 1648 var medlem av målarlauget i heimbyen.

Kring 1655 flytta Metsu til Utrecht, og studerte hos målarane Jan Baptist Weenix og Nicolaus Knüpfer. To år seinare resite han vidare til Amsterdam og slo seg, dei første åra, gjennom som frittståande kunstnar. I 1659 fekk han byborgarskap i Amsterdam. Som målar fekk han fleire oppdrag frå kjøpmannen Jan J. Hinlopen, ein stor kunstsamlar.

Metsu måla etter kvart mest frå borgarhus og -heimar, og av gate- og gardsmiljø. I tillegg måla han portrett. Han måla noggrant, enkelt og realistisk i klare, mjuke fargar og utan patos, men av og til med humor. Musikktimen og Brevlesaren er av dei aller mest kjende måleria hans.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Gabriel Metsu
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads