Gaia Trafikk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gaia Trafikk
Remove ads

Gaia Trafikk var fram til 2006 det største kollektivtransportselskapet i Bergen og Os. Det vart då slått saman med HSD til selskapet Tide.

Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...
Remove ads

Historie

Gaia Trafikk vart oppretta i 1998 etter ein fusjon mellom selskapa Pan Trafikk AS og Bergen Sporvei AS. Pan Trafikk dreiv ordinære bussruter i Åsane, Fana og Os, og mellom desse og Bergen sentrum. Bergen Sporvei hadde rutekonsesjon innanfor (med nokre få unnatak) dei gamle bygrensene frå før 1972. Etter fusjonen vart rutene åt begge selskapa samkøyrde, eit arbeid som var byrja alt før samanslåinga.

Rutenettverket til Gaia Trafikk dekte det meste av Bergen. Unnataka var storparten av Laksevåg i vest og Arna i aust. Desse vart dekt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).

Gaia Trafikk hadde ved fusjonen om lag 300 bussar, og av desse var det seks trolleybussar og to duobussar. Bergen er den einaste byen i Norden med slike bussar. Gaia Trafikk hadde og 36 gassdrivne bussar.

På særskilde generalforsamlingar hjå Gaia Trafikk og HSD vart det semje om å slå desse to selskapa saman. Det nye selskapet fekk namnet Tide.

Thumb
Ein trolleybuss frå Gaia Trafikk.
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Gaia Trafikk


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads