Trolleybuss
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein trolleybuss er ein elektrisk drive buss som hentar energi frå kontaktleidningar over vegen gjennom ein pantograf. Trolleybussane må ha to kontaktleidningar i lufta av di dei er elektrisk isolert frå jorda på grunn av gummihjula, i motsetnad til trikk og jarnbanetog, som nyttar skjenene dei køyrer på som den eine av dei to kontaktleidningane som dei òg treng.


Moderne trolleybussar kan ha dieselmotor i tillegg, slik at dei òg kan kjøyrast som vanlege bussar utanom leidningsnettet.
I Noreg er det i dag (2011) berre Bergen som har trolleybussar i rutetrafikk.
Den første norske byen som fekk trolleybuss var Drammen, i 1909, der trolleybussen var kalla trikk. Oslo fekk i 1940, mens Stavanger og Bergen fekk etter andre verdskrig. Trolleybussen i Stavanger blei lagt ned i 1963, i Drammen 1967 og i Oslo 1968.
Remove ads
Galleri
- «Elektromote» i Berlin i Tyskland var den fyrste trolleybussen i verda, 1882
- Ein trolleybuss i Arnhem
- Tredje generasjons trolleybuss i Vancouver, handikap-tilpassa og med sykkelstativ
- Trolleybuss i Landskrona
- Trolleybuss i Gdynia
- Drammen kommunale trikk
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads