Gail Ann Dorsey

amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Gail Ann Dorsey
Remove ads

Gail Ann Dorsey (fødd 20. november 1962) er ein amerikansk musikar rekna som ein av dei beste bassgitaristane og vokalistane innanfor alternativ rock.[1] Med ein karriere som studiomusikar er ho mest kjend for den lange perioden ho har spelt med bandet til David Bowie, frå 1995 og fram til i dag. I tillegg til å spele bass har ho stundom sunge solo på konsertane hans, som på «Under Pressure», «The London Boys» og «I Dig Everything», og på ein coverversjon av Laurie Anderson sin «O Superman».

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Frå 1993 til 1996 spelte Dorsey òg mykje med Tears for Fears, og samarbeidde med låtskrivinga i bandet. Ho har òg spelt med Bryan Ferry, Boy George, Indigo Girls, Khaled, Jane Siberry, The The, Skin, Gwen Stefani, Charlie Watts, Seal, Gang of Four, Susan Werner, ani difranco og Dar Williams.

I tillegg har ho gjeve ut tre soloalbum: The Corporate World (1988), Rude Blue (1992) og I Used To Be... (2003).

Remove ads

Diskografi

Soloalbum

  • The Corporate World (1988, Sire Records)
  • Rude Blue (1992, Island Records)
  • I Used To Be... (2003, Sad Bunny; 2004, UFO Music)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads