Galileastripa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Galileastripa
Remove ads

Galileastripa (hebraisk אצבע הגליל, Etzba HaGalil (tyder «Fingeren til Galilea») ei landstripe langs Huladalen nord i Israel som dekkjer fem kommunar.[1] Byar langs Galileastripa er Metula og Kiryat Shmona.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Geografi

Galileastripa er ei smal landstripe som går frå grensa til Libanon lengst nord til ei imaginær linje oppfor Huladalen i sør.[2]

Historie

I 1920 vart Sykes-Picot-avtalen endra for å overføre område med jødiske busetnader frå Det franske mandatet i Libanon til Palestinamandatet.[3]Frå april 1924 kom området under britisk kontroll.[4]Det vart gjort ein avtale som gjorde at begge sider av grensa kunne dyrkast og skattane skulle fordelast mellom det britiske og det franske mandatet.[5] Grensa var problematisk, strategisk og politisk, men å utnytte vasskjeldene i regionen var særs viktige for utviklinga av landet.[6]

Under operasjon Yiftah i april og mai 1948 vart arabarane som budde på Galileastripa utviste av Palmach-styrkane kommandert av Yigal Allon.[7][8]

Raid frå andre sida av grensa [9] og rakettåtak frå Libanon var eit pågåande problem for samfunna på Galileastripa.[10]I november 2011 vart det avfyrt rakettar inn i Israel, som landa nær grensa. Hendinag vart kalla «ei farleg påminning» om den 34 dagar lange krigen i 2006 mot iranske- og syriskstøtta Hizbollahstyrkar i Libanon.[11]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads