Galloway
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Galloway (skotsk-gælisk Gall-ghaidhealaibh eller Gallobha; låglandsskotsk Gallowa; latin Gallovidia) er ein region i Sørvest-Skottland som omfattar grevskapa Wigtown og Kirkcubright.[1] Namnet kjem frå skotsk-gælisk og tyder «framande gælarar», og viser til historiske gælarar av blanda opphav, både norrønt og gælisk opphav, som ei tid var dominerande i området.[2]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Galloway i Texas.

Galloway er avgrensa av havet i vest og sør, fjella Galloway Hills i nord, og elva Nith; grensa mellom Kirkcudbright og Wigtown er markert av elva Cree. Det har tidlegare òg vore under ein administrasjon kalla Stewart, under nemninga Stewartry of Kirkcudbright (som strekkjer seg frå Nith til Cree, og er likeeins avgrensa av Galloway Hills i nord).[3][4] Storleiken og omfanget av Galloway endra seg gjennom historia.
Galloway er òg namnet til ein hardfør rase av svart, hornlaust kveg som stammar frå regionen (og òg til den meir karakteristiske Belted Galloway eller Beltie). Området har alltid vore noko isolert på grunn av at det har 240 km med ulendt kystlinje og ein stor, aude fjellkjede i nord.[5][6]
Remove ads
Landbruk
Historisk har Galloway vore kjend for både hestar og kyr, og mjølk og kjøt er haldne fram som viktige næringar. Det er òg betydeleg tømmerproduksjon og ein del fiskeri. Kombinasjonen av fjell og nedbør har gjort Galloway veleigna for produksjon av vasskraft, noko som byrja i 1929.[7][8] På byrjinga av 2000-talet er det oppretta vindturbinar for vindkraftverk ei rekkje stader ved vasskilet, og fleire vindkraftverk i havet utanfor kysten er planlagt for å auka produksjon av grøn energi i Galloway.
Remove ads
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads