Galtesund
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Galtesund er eit sundet mellom øyane Hisøy og Tromøya i Arendal kommune i Agder. Sundet er litt over 2 km lang, og breidda varierer frå 200 m til om lag 500 m.
Galtesund er den viktigaste innseglingsleia til Arendal hamn, og ganske store skip kan gå inn sundet. Galtesund har namn etter holmen Galten som ligg i sundet. Leia er smalast og grunnast ved denne holmen, der det er gjort utsprengingar for å gjere leia djupare.
Fartøy på veg austover kan om dei ønskjer smult farvatn halde innaskjers ved å segle nordover Galtesund og så austover gjennom Tromøysundet.
Galtesund var òg eit kjent kystruteskip som vart kapra av norsk-engelske kommandosoldatar og ført til England under den andre verdskrigen. Skipet var eigd av Arendals Dampskipsselskap.
Remove ads
Kjelde
- Denne artikkelen bygger på «Galtesund» frå Wikipedia på bokmål, den 23. februar 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads