Gamburtsevfjella

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gamburtsevfjella
Remove ads

Gamburtsevfjella (òg kalla Gamburtsev subglasiale fjellkjede) er ei subglasial fjellkjede aust i Antarktis, nær Dome A.[1] Fjellkjeda vart oppdaga av Den tredje sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1958 og er kalla opp etter den sovjetiske geofysikaren Grigorij A. Gamburtsjov.[2][3] Ho er kring 1200 km lang, og sjølve fjella er kring 2700 meter over havet,[4] men er dekt med over 600 meter is og snø. Ein trur at Gamburtsevfjella har omtrent same storleik som Alpane i Europa, og det er så langt usikkert korleis dei oppstod, men ein trur at fjella er meir enn 34 millionar år gamle[5] og kanskje opp mot 500 millionar år gamle.[4] Datamodellar indikerer at Det austantarktiske isdekket vart danna frå isbrear som starta å flyte ned frå Gamburtsev-fjella mot slutten av eocen.[1] Vostok subglasiale høgland er ei austleg forlenging av Gamburtsev subglasiale fjellkjede.[6]

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads