Gan HaDarom

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gan HaDarom
Remove ads

Gan HaDarom (hebraisk skrift גַּן הַדָּרוֹם, tyder 'Den sørlege hagen') er ein moshav sør i Israel. Han ligg på kystsletta nær Ashdod og høyrer til Gederot regionale kommune.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Moshaven vart grunnlagd i 1953 av flyktningar frå Irak under Operasjon Ezra og Nehemja. Dei første nybyggjarane i Gan HaDarom budde i ein ma'abara-leir i nabolandsbyen Gan Yavne fram til infrastrukturen var på plass for ei permanent busetjing. I 1957-8 vart det bygd nye tjue hus, og 15 familiar frå Polen flytta inn i dei.[1]

I dag bur det 118 familiar i moshaven. Dei fleste innbyggjarane arbeider i dag i nærliggande byane Ashdod og Yavneh og berre få innan jordbruk.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads