Gan HaShomron
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gan HaShomron (hebraisk skrift גַּן הַשֹּׁמְרוֹן, גן השומרון) er ein moshav nordaust for Hadera (like ved Pardes Hanna-Karkur), langs vegen til Afula, hovudveg 65. Han er kalla opp etter plasseringa ved foten av Shomron-fjella. Han vart grunnlagd våren 1934 av jødiske emigrantar frå Tyskland so fekk opplæring som bønder i Nahalal og Ein Shemer. Han vart utvida tre gonger, i 1946 av jødiske veteranar frå den britiske hæren, i 1954 med tilflytting frå byar, og i 1957 av jødiske emigrantar frå Polen.
Remove ads
Økonomi
Hovudnæringa i Gan HaShomron er produksjon av olivenolje. Frukt er òg ei stor inntektskjelde.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads