Garten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Garten er ei øy i Ørland kommune i Trøndelag. Øya har om lag 210 innbyggjarar, dels i bustadfelt frå 1979 og dels i eldre gardsbusetnader. Sidan 1948 har øya vore knytt til fastlandet med ei kort bru over Beisundet til Rønsholmen.
Øya har oppdrettsanlegg, samfunnshus og rorbuutleige. Butikk og postkontor er nedlagd. Garten skule vart i 1976 nedlagt og Grande/Garten skule vart bygd nær tidlegare Grande skole. Grande/Garten skule vart nedlagd i 2005, og elevane overført til Hårberg skule.
Det går ferje frå Garten til Storfosna i Ørland og til Leksa i Agdenes.
Garten i Fosen poståpneri vart oppretta i 1914, med handelsmannen som postopnar. Postkontoret vart nedlagt etter 1997.[1]
Remove ads
Litteratur
- Herman Solbu: Garten : i fortid og nåtid (eige forlag, 2002) - ei omfattande minnebok frå første halvdel av 1900-talet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads