Gary Lee Yoder
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gary Lee Yoder (25. januar 1946–7. august 2021) var ein USA-amerikansk musikar, som var med i fleire psykedeliske rockeband i San Francisco i 1960-åra, inkludert The Oxford Circle, Kak og Blue Cheer.
Yoder vart fødd i Pasadena i California. The Oxford Circle (danna i 1966) og Kak (danna i 1968) vart begge danna i heimbyen til Yoder i Davis i California, og bestod av den same kjernen av medlemmer.[1] Sjølv om Oxford Circle ofte delte scene med kjemper som Grateful Dead, Jefferson Airplane og Janis Joplin, oppnådde dei ikkje same ry og fekk aldri platekontrakt. I 1997 vart livealbumet Live at the Avalon 1966 gitt ut. Det kom på sjetteplassen på Record Collector si liste over dei 50 beste nyutgivingane i 1997, framfor nyutgivingar av Pink Floyd, Grateful Dead og Santana, og fekk òg ei god melding i Mojo.
Kak skulle berre gi ut éi plate i 1969, Kak, som har vorte eit samlarobjekt. Ho vart gitt ut på nytt av Big Beat Records i 1999 som Kak-ola. Denne innspelinga inneheldt i tillegg upubliserte soloverk av Yoder.
Yoder opptredde av og til før sin død,[2] 75 år gammal den 7. august 2021.[3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads