Gasherbrum IV

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gasherbrum IV
Remove ads

Gasherbrum IV er med 7 932 m det syttande høgste fjellet i verda og det femte høgste i Gasherbrum-gruppa, som det òg gav namn til.[1] Grensa mellom Pakistan og Kina går over nordaust- og nordvestegga. Toppegga med hovudttoppen ligg sør for grensa og dermed i Pakistan. I godt vêr strålar vestveggen i kveldssola og derfor blir Gasherbrum ofte omsett med «lysande vegg». Den eigentlege tydinga er det ikkje mindre treffande «vakkert fjell».

Kjappe fakta
Remove ads

Klatrehistorikk

6. august 1958 lukkast det ein italiensk ekspedisjon under leiing av Riccardo Cassin å førsteklatre fjellet. Først på toppen var Walter Bonatti og Carlo Mauri. Ruta gjekk over nordaustegga

Vestveggen blei lenge rekna som eit av dei siste store problema innan klatresporten. I 1985 gjekk austerrikaren Robert Schauer og polakken Wojciech Kurtyka denne veggen i alpin stil, dvs utan bærarar, høgdeleirar, faste tau eller medbrakt oksygen. Dei nådde den 20 meter lågare nordtoppen, men det var dårleg vêr og dei var utmatta, så dei tok ikkje sjansen på traversen over toppegga til hovudttoppen.[2]

Hovudtoppen blei ikkje klatra igjen før i 1986, då Greg Child, Tim Macartney-Snape og Tom Hargis gjekk over nordvestegga. Eit koreansk lag lukkast i 1997 med med å klatre vesteveggen over ei anna rute.

Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads