Gassiske snikekattar

pattedyrfamilie From Wikipedia, the free encyclopedia

Gassiske snikekattar
Remove ads

Gassiske snikekattar (Eupleridae) er ein biologisk familie av katteliknande rovpattedyr (Feliformia) som er stadeigne til Madagaskar. Familien inkluderer alle rovdyrartane som naturleg finst på denne øya, og slektskapa deira vart først stadfesta tidleg på 2000-talet gjennom molekylærgenetiske studiar. Dette er ei svært variert gruppe når det gjeld kroppstypar og levevis, men dei fleste artane er einslege kjøtteterar. Familien består av ti nolevande artar og éin art som har døydd ut dei siste tusenåra.

Kjappe fakta
Remove ads

Kjenneteikn

Det finst ingen morfologiske trekk som klart skil dei gassiske snikekattane frå andre rovdyr. Dei viser i staden likskapar med ulike andre rovdyrgrupper, som kattedyr, snikekattar eller mungoer, noko som gjorde at slektskapen deira ikkje vart oppdaga gjennom ytre trekk. Den største arten er fossa, med ei kroppslengd på opptil 80 centimeter og ei vekt på opptil 12 kilo. Dei minste er Madagaskar-mungoar med ei kroppslengd på 26 centimeter og ei vekt på 500 gram. Hannane og hoene har lik pelsfarge, men hannane er større i nokre artar.

Generelt har desse dyra ein slank og langstrekt kropp med korte lemmer. Potane er ofte store, og klørne kan vere inntrekkberre – som hos arten fossa – eller ikkje. Pelsen er kort og tett, vanlegvis i grå eller brune nyansar, og nokre artar har flekker eller stripar. Halen er noko kortare enn kroppen og er buska hos dei fleste artane, som til dømes ringhalemungoen.

Hovudet er relativt lite samanlikna med kroppen. Dei fleste artane har ein spiss snute, men fossa har eit katteliknande hovud med kort ansiktsskjelett. Rovdyrmerket, der siste øvre premolar og første nedre molar dannar rovtenner, er ikkje tydeleg utvikla hos andre artar enn fossa. Falanuken skil seg ut med det homogene settet sitt av tenner, som minner om insekteterar.

Remove ads

Utbreiing og leveområde

Gassiske snikekattar finst berre på Madagaskar, utanfor den afrikanske austkysten. Dei finst ikkje på dei mindre øyane rundt Madagaskar. Sjølv om dei er einaste naturlege rovdyr på Madagaskar, har menneske introdusert huskatt, hund og den vesle indiske sibetkatten. Dei lever hovudsakleg i skog, både i regnskog langs austkysten, lauvskog i vest og tørre skogar i sørvest. Seks artar lever berre i skog, medan fossa og ringhalemungoen også kan finnast i meir opne område. Artsmangfaldet er størst i regnskogane langs austkysten, der opptil fem artar kan leve saman, medan det er færre artar i skogane i vest og sørvest, men kanskje høgare tettleikar.

Remove ads

Levevis

Gassiske snikekattar har varierande levevis. Nokon har ikkje ein tydeleg dag- eller nattrytme, (eit «katemeralt» levevis) medan andre som breistripemungoen og fanalokaen er hovudsakleg nattaktive. Dei søkjer tilflukt i hole tre, jordhòler eller kløfter. Dei fleste lever på bakken, men kan klatre godt, og nokon kan symje. Dei går anten på tærne (digitigrad) eller er flatfota (plantigrad).

Nokre artar har tilpassingar til sesongklimaet. Fossa kan lagre feitt i kroppen, og falanuken i halen, og vekta til kroppen kan auke med opptil 25 %. Dette feittet blir bygd opp i regntida for å hjelpe dei å overleve den kalde og næringsfattige tørketida.

Sosial- og territorieatferd

Sosial åtferd varierer, og er lite kjent for mange artar. Fossa lever åleine, medan ringhalemungoen lever i familiegrupper. Andre artar lever kanskje i små grupper av mor og avkom. Dei fleste artane er territoriale og markerer revira sine med kjertelsekret. Territoria er ofte store, til dømes kan reviret til fossa vere opptil 26 km². Luktkommunikasjon er viktig, og dei fleste artane er stille dyr med unntak av dei meir sosiale ringhalemungoane.

Kosthald

Gassiske snikekattar er hovudsakleg kjøtteterar, men kosthaldet varierer avhengig av habitat og årstid. Fossa et mest virveldyr, inkludert lemurar. Falanukar et hovudsakleg meitemakk. Dei mindre artane på under 2 kg et små virveldyr, insekt og andre virvellause dyr, og nokon tek også åtsel og et litt planteføde som frukt.

Formeiring

Formeringen skjer sesongmessig for nokon artar, slik at ungane fødast i regntida når mattilgangen er størst. Drektigheitstida varierer frå 40 til 105 dagar, og kulla er små, ofte med éin eller to ungar, sjølv om fossa kan få opptil fire. Ungane er dei første vekene i eit hi, og blir avvende når dei er mellom to og fire og ein halv månad gamle.

Gassiske snikekattar og menneske

Gassiske snikekattar er trua av avskoging, brenning av skog, produksjon av trekol og gruvedrift. Konkurranse med introduserte artar som hundar og små sibetkattar er også ein trussel. Vidare blir dei jakta både for kjøtt og fordi dei blir sagde å angripe fjørkre, sjølv om det er uklart om desse angrepa kjem dei gassiske snikekattane av eller dei introduserte artane.

Ein art, kjempefossa, er utdøydd dei siste tusenåra. Verdas naturvernunion, IUCN, listar tre artar som sterkt truga (EN), dette er smalstripemungo, Galidictis grandidieri og Eupleres major. Fem artar er kategoriserte som sårbare (VU), og ringhalemungoen som livskraftig.[1]

Remove ads

Artsliste

Gassiske snikekattar omfattar syv slekter med ti (ni) nolevande artar og éin utdøydd art. Familien er delt inn i to underfamiliar. Statusen for dei norske artsnamna synt her er usikker med få unnatak.[2][3] Tre artsnamn er frå gassisk, fossa, falanuk og fanaloka.[4]

Artsliste med norske namn etter Verdens dyr:

Treliste
  • Familie gassiske snikekattar
    • Underfamilie Madagaskar-mungoar (Galidiinae)
      • Slekt Galidia
        • Ringhalemungo eller ringhalemangust, engelsk: Ring-tailed vontsira (Galidia elegans)
      • Slekt Galidictis
        • Breistripemungo eller breistripemangust, eng: Broad-striped Malagasy mongoose (Galidictis fasciatus)
        • manglar norsk namn, eng: Grandidier's mongoose (Galidictis grandidieri)
      • Slekt Mungotictis
        • Smalstripemungo, eng: Narrow-striped mongoose (Mungotictis decemlineata)
      • Slekt Salanoia
        • Brunhalesnikekatt, eng: Brown-tailed mongoose (Salanoia concolor)
        • Durrellsmungo, eng: Durrell's vontsira Salanoia durrelli
    • Underfamilie Euplerinae
      • Slekt Cryptoprocta
        • Fossa (Cryptoprocta ferox)
        • Kjempefossa (Cryptoprocta spelea) †
      • Slekt Eupleres
        • Falanuk eller maurdesmerkatt, eng: Eastern falanouc (Eupleres goudotii)
        • manglar norsk namn, eng: Western falanouc (Eupleres major)
      • Slekt Fossa
        • Fanaloka eller madagassisk sibetkatt, eng: Malagasy civet (Fossa fossana)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads