Gaupne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gaupne er kommunesenteret i Luster kommune i Vestland fylke. Tettstaden har 1 286 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg ved utlaupet til Jostedøla, inst i Gaupnefjorden, ein sidearm til Lustrafjorden, som igjen er ein sidearm til Sognefjorden.

Foto: kirkenorge.no
Her ligg Gaupne gamle kyrkje og Gaupne kyrkje og skulane Luster ungdomsskule og barneskulen Gaupne skule.
Gaupne er òg namnet på eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Det er to kyrkjer i soknet, Gaupne kyrkje frå 1907 og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650. Gamlekyrkja er sidan 1909 i eiga til Fortidsminneforeninga medan Gaupne kyrkje er soknekyrkje. Fram til 1967 høyrde Gaupne sokn til Luster prestegjeld, då vart det overført til Jostedal prestegjeld.[2]
Namnet Gaupne kjem frå gamalnorsk gaupn som tyder 'hol hand, neve'. I fylgje Oluf Rygh si tolking var namnet opphavleg brukt om fjorden. Ei anna tolking er at namnet kom av at bygda ligg i ei senking mellom tre høgder.[1]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads