Gaute M. Gundersen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gaute Melby Gundersen (fødd 13. juni 1972) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo. Frå 1991 till 1997 vart han kvart einaste år noregsmeister i 110 meter hekk.
Remove ads
Aktiv
Etter å ha vunne NM-bronsen i 110 meter hekk i 1990, var Gundersen frå den 1991 dominerande korthekkløparen i Noreg fram til han la opp i 1998. Åra 1991-97 sikra han seg sju gullmedaljar i rad. Sommaren 1994 flytta han den norske rekorden til 13,71 sekund i Istanbul og deretter til 13,68 ved noregsmeisterskapen på Lillehammer. Under eit stemne 28. juni 1995 i Helsinki forbetra han rekorden til 13,65 sekund. Den 14. juni 1997 gjorde han sitt livs kjappaste hekkeløp, tida 13,62 sekund gjaldt som landsrekord i 15 år.
Gundersen var elles ein habil sprintar med bestetid 10,65 sekund på 100 meter og 21,31 på 200 m. Den siste tida oppnådde han i 1994, same året som han vann bronsemedaljen på 200 m i noregsmeisterskapen.
Plasseringar i internasjonale meisterskap
- EM 1994 i Helsinki: Utslått i forsøket (13,77=nr 20)
- VM 1995 i Göteborg: Utslått i forsøket (13,95=nr 37)
- VM 1997 i Aten: Utslått i kvartfinalane (13,91=nr 30)
- EM 1998 i Budapest: Utslått i forsøket (14,17=nr 23)
Gundersen var medlem i Lambertseter IF til 1992. Sidan representerte han SK Vidar, bortsett frå 1996-sesongen då han var medlem i TIF Minerva. Han la opp etter 1998-sesongen.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads