Lillehammer

by i Innlandet fylke From Wikipedia, the free encyclopedia

Lillehammer

Lillehammer er ein by og administrasjonssenteret i Lillehammer kommune i Innlandet fylke. Byen har 21 468 innbyggjarar per 1. januar 2024, er sete for fylkesmannen og fylkesadministrasjonen i Oppland, og er prostesete i Sør-Gudbrandsdal prosti.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Lillehammer
By
Thumb
Lillehammer sett frå Vingnes.
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Lillehammer
Areal 11,5 km²
Folketal 21 468  (2024)
Folketettleik 1 867 / km²
Innbyggjarnamn lillehamring
Preposisjon Lillehammer
Ferdselsårer 213250255
Thumb
Lillehammer
61.116111°N 10.457778°E / 61.116111; 10.457778
Wikimedia Commons: Lillehammer
Lukk

Historie

Thumb
Storgata på Lillehammer.
Thumb
Lillehammer kunstmuseum

Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese har vore rekna som grunnleggjar av byen, og det vart reist ein statue av han på Lilletorget i samband med byen sitt 100-årsjubileum. Fram til midten av 1800-talet låg busetnaden hovudsakleg i området rundt Hammer gard. Byen hadde i 1850 om lag tusen innbyggjarar, og hadde gode kommunikasjonar sør- og nordover. Legginga av hovudbanen Oslo-Eidsvoll i 1852 baserte seg på vidare samband med dampskip langs Mjøsa til Lillehammer, og nylagt veg vidare oppover Gudbrandsdalen. Dette transportsystemet gjorde transitt av tømmer[1] og jordbruksvarer til hovudstaden mogleg, og bidrog til at byen voks fram.

Olympiske og paralympiske vinterleikar

Lillehammer var i 1994 vertsby for dei 17. olympiske vinterleikane; vinter-OL 1994. Samstundes var vinter-PL 1994 arrangert i byen. I den samanhengen vart det bygd nye idrettsanlegg, og eksisterande kulturbygg og vegar fekk ei opprusting. I 2016 var Lillehammer på nytt vertsby for OL etter at han 7. desember 2011 var vald ut som vertsby for vinter-OL for ungdom 2016.

Vennskapsbyar

I Norden

I andre land

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.