Gavin Greig
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gavin Greig (10. februar 1856–31. august 1914) var ein skotsk folkemusikksamlar, dramatikar, romanforfattar og lærar.
Remove ads
Liv og virke
Greig var fødd i Parkhill i Aberdeenshire.[1] Han studerte ved Aberdeen universitet, og var prest ved Whitehill village school heilt til han døydde i 1914. Han hadde også ei folkemusikkspalte som heitte i Buchan Observer kvar veke.[1]
Han var redaktør for den største musikksamlinga til James Scott Skinner, The Harp and Claymore Collection,[2] og bidrog med harmoniar til Skinner sine komposisjonar.[3][4] Han var med på innsamlinga til The Greig-Duncan Folk Song Collection, i lag med presten J.B. Duncan (1848-1917). Eit utval frå denne samlinga av over 3 000 songar og melodiar blei gjeve ut i 1925. Det blei gjeve ut to band av samlinga i 1981-1982, men den fulle samlinga på åtte bind kom fyrst ut mellom 1981 og 2002.[5][6]
Greig var også forfattaren av skodespelet Mains Wooin på den skotske dialekten Doric, som var svært populært[7] i Nordaust-Skottland før andre verdskrigen. Romanane hans omfattar Morrison Gray: or, Life in a Buchan Schoolhouse som var framhaldsserie i Peterhead Sentinel mellom mai 1896 og januar 1897, The Hermit o' Gight, som gjekk i Buchan Observer mellom 1898 og 1899, og den historiske romanen Logie o' Buchan, som blei gjeven ut i Aberdeen i 1899.[8]
Gavin Greig var i slekt med Robert Burns på morssida og med Edvard Grieg på farssida.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads