Gediz Nehri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gediz Nehri er den nest lengste elva i Anatolia som munnar ut i Egearhavet. I antikken vart ho kalla Hermos og Hermus.
I antikken skilde Hermos Aeolia og Jonia, utanom det joniske Fokaea, som låg nord for Hermos. Hermosdalen var hjarte i Lydia i antikken og hovudstaden Sardis låg i dalen.
I dag renn elva gjennom Egearregionen i Tyrkia og berre Büyük Menderes, som ho renn parallelt til, er lengre av dei tyrkiske elvane som renn ut i Egearhavet.
Gediz spring ut frå Murat og Şaphane i provinsen Kütahya og renn gjennom Uşak, Manisa og provinsen İzmir. Ho munnar ut i havet nord i Izmirbukta, nær landsbyen Maltepe i Menemen sør for kystbyen Foça.
Gediz-deltaet er eit viktig naturreservat og fleire sjeldne fugleartar held til her. Men på grunn av at vatnet i elva vert nytta til store vatningsprosjekt i samband med Demirköprüdemninga, er det i dag lite vatn i deltaet.[1] Mykje utbygging og industrialisering har òg gjort at Gediz er råka av kraftig forureining, særleg på grunn av sandtak og lêrindustri.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads