Geir Ellingsrud
norsk matematikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Geir Ellingsrud (fødd 29. november 1948) er ein norsk matematikar og professor ved Universitetet i Oslo. Han var rektor ved universitetet i perioden 2006–2009.
Remove ads
Ellingsrud vart fil.dr. ved Stockholms universitet i 1983, og har sidan 1992 vore professor i matematikk ved Universitetet i Oslo. I 1988 fekk Ellingsrud «Norges Allmennvitenskapelige Forskningsråds pris for fremragende forskning». Han var redaktør for fagtidsskriftet Acta Mathematica i seks år og ansvarleg redaktør for det populærvitskaplege tidsskriftet NORMAT i fire år.
Ellingsrud stilte som ein av fem kandidatar ved rektorvalet ved Universitetet i Oslo hausten 2005, og profilerte seg under valkampen som delvis kritisk til «Kvalitetsreforma». Samanlikna med dei andre kandidatane, hadde han ein lågmælt stil under valkampen, men han hadde stor støtte hjå fagorganisasjonane på universitetet og enda med å vinne valet. Ellingsrud tiltredde som rektor i januar 2006. Hausten 2008 gjorde han det klart at han ikkje tok attval til ein ny periode våren 2009.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen var opphavleg basert på «Geir Ellingsrud» på Wikipedia på bokmål og riksmål.
Bakgrunnsstoff
- Publikasjonar av Geir Ellingsrud i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads