Geithus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Geithus er ein tettbygd stad i Modum kommune i Buskerud. Staden ligg ved Drammenselva, like sørom utlaupet frå Tyrifjorden. Statistisk sentralbyrå reknar Geithus og Åmot i Modum for ein tettstad då området mellom stadane er så tett busett at stadene har vakse saman. Tettstaden Åmot/Geithus har til saman 7 039 innbyggjarar per 1. januar 2024 [1].
Det tidlegare treforedlingskonsernet Union A/S (Union Co), skipa i 1873 av Benjamin Sewell (1845-1895), hadde ein av sine papirfabrikkar på Geithus. Dei andre fabrikkane i konsernet var Union Drammen (der mellom anna Union Scene ligg no), Union Bruk i Skien, og Skotfos Bruk på Skotfoss[2]. Alle desse fabrikkane er no avvikla.
Remove ads
Sjå òg
Andre nettstader
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads