Gelsenkirchen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gelsenkirchen er ein by i delstaten Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Byen ligg i Ruhrområdet ved elva Emscher.
Gelsenkirchen vart første gong omtala skriftlege kjelder i 1150, men byen var ein liten landsby fram til 1800-talet. Den industrielle revolusjonen førte til stor økonomisk vekst i heile området. I 1840, då ein byrja å utvinna kol, budde det 6000 innbyggjarar i Gelsenkirchen. I 1900 hadde folketalet stege til 138 000.
Byen sin kolindustri synte seg å vera viktig for Tyskland under andre verdskrigen og for utviklinga av oljeindustri fram til i dag. For å kunne vera sjølvforsynt med olje, vart det før krigen starta oljeproduksjon basert på kol. Dette var starten på oljeselskapet Veba Öl AG, som mellom anna forsynte bensinstasjonane til føretaket Aral. I 2001 vart Veba Öl seld til oljeselskapet BP.
Fotballklubben FC Schalke 04 er frå Gelsenkirchen. Schalke si heimebane, Veltins-Arena, vert rekna for å vera eit av dei mest nyskapande stadionanlegga som er bygd dei siste åra.
Utsyn over byen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads