Emscher
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Emscher er ei elv i Ruhrområdet i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 84 km og ei vassføring på 16 m³/s. Ho har sitt utspring i Holzwickede, aust for byen Dortmund, og renn så vestover gjennom Ruhrområdet. Byar langs Emscher er Dortmund, Castrop-Rauxel, Herne, Gelsenkirchen, Essen, Bottrop, Oberhausen og Dinslaken, der ho munnar ut i Rhinen.
Elva er det geografiske senteret i dette store industriområdet med 5 millionar innbyggjarar, og er av den grunn biologisk død, og ho var alt ein open avløpskanal på slutten av 1800-talet. På grunn av gruvedrift har landskapet endra seg og den naturlege elveleia, og dermed har munningen ut i Rhinen flytta seg nordover to gonger. Eit stort moderne kloakkhandsamingssystem ved munningen gjer at vatnet frå Emscher som renn ut i Rhinen likevel har akseptabel kvalitet.
Sidan byrjinga av 1990-åra har ein halde på med eit stort prosjekt for å gjenopprette den naturlege tilstanden til elva. For kloakken vert det bygd store underjordiske røyrleidningar langs heile Emscher. Den første delen som skal tilbake til den naturlege tilstanden er i byen Dortmund. Det totale prosjektet kostar fleire milliardar euro og skal vere ferdig innan år 2014.
Remove ads
Kjelde
- Denne artikkelen bygger på «Emscher» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads