Gelson Fernandes
sveitsisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gelson Tavares Fernandes (fødd 2. september 1986) er ein sveitsisk fotballspelar som hausten 2011 var på utlån til engelske Leicester City frå franske AS Saint-Étienne. Gelson Fernandes er syskenbarnet til den portugisiske fotballspelaren Manuel Fernandes.
Remove ads
Karriere
Som femåring flytte Fernandes saman med mor si frå Kapp Verde-øyane til Sitten i Sveits, der faren hadde fått arbeid. I 1995 tok han til å spela fotball på juniorlaget til FC Sion. I 2004 gjekk han over på fyrstelaget deira, og spelte 99 kampar for Sion før han signerte kontrakt med engelske Manchester City. Han blei i City i to sesongar før han skreiv under på ein toårskontrakt med franske AS Saint Étienne i 2009. Den 30. august 2010 vart det kunngjort at Fernandes vart lånt bort til Chievo Verona. Lånet kan omgjerast til kjøp.
På landslagsnivå spelte Fernandes 4 kampar for det sveitsiske U21-landslaget, og var kaptein i ein kamp. I 2007 gjekk han over i fyrstelandslaget, og har til no spelt 27 kampar for dei. Han vart teken ut til den sveitsiske troppen i Fotball-VM 2010 i Sør-Afrika, og skåra det einaste målet mot Spania. Kampen enda 1-0 til Sveits, til stor glede for sveitsarane. Diverre vart dette også det einaste målet Sveits skåra i meisterskapen. Dei vart slått ut i gruppespelet, medan Spania gjekk vidare til å vinna finalen.
Remove ads
Kjelder
- Tysk og engelsk wikipedia om Fernandes.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads