Gene Page

USA-amerikansk dirigent, komponist og plateprodusent From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Eugene Edgar Page jr.[1] (13. september 193924. august 1998) var ein USA-amerikansk dirigent, komponist, arrangør og plateprodusent, mest aktiv frå midten av 1960-åra og til midten av 1980-åra.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Han kan høyrast i arrangementa han gjorde for Jefferson Starship, The Righteous Brothers, The Supremes, Four Tops, Barbra Streisand, Johnny Mathis, Donna Loren, Martha and the Vandellas, Cher, Harriet Schock, Barry White, The Love Unlimited Orchestra, Dionne Warwick, Aretha Franklin, Whitney Houston, George Benson, The Jackson 5, Roberta Flack, Elton JohnPhiladelphia Freedom»), Leo Sayer, Marvin Gaye, The Temptations, Frankie Valli, Helen Reddy og Lionel Richie, blant fleire.[2]

I tillegg gav han ut fire soloalbum og laga musikk til ulike filmar, som Brewster McCloud og Fun with Dick and Jane. I 1972 vart han hyra for å lage musik til blaxplotation-filmen Blacula.[2]

Gene Page døydde etter mange års sjukdom som følgje av alvorleg alkoholisme på UCLA Medical Center i Westwood i Los Angeles den 24. august 1998, 58 år gammal.[1]

Remove ads

Diskografi

Studioalbum

Meir informasjon År, Album ...

Med Big Joe Turner

  • The Real Boss of the Blues (BluesTime, 1969)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads