Generalkonferansen for mål og vekt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Generalkonferansen for mål og vekt eller CGPM (av fransk Conférence Générale des Poids et Mesures) er den høgaste mellomstatlege instansen for vedtak om storleikar, einingar og einingssymbol. Denne vart oppretta ved Meterkonvensjonen som vart vedteke på Den diplomatiske meterkonferansen i Paris i 1875.
Generalkonferansen vert samla i Paris med fire til seks års mellomrom.
Under CGPM ligg det permanente kontoret Bureau International des poids et mesures (BIPM) i Sèvres i Frankrike. BIPM si oppgåve er å, mellom CGPM-konferansane, førebu dei avgjerslene som ein skal ta, samt å arbeide internasjonalt for gjennomføring av dei avgjerslene som er gjort av CGPM.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «CGPM» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juli 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads