Generalstaben i Russland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Generalstaben i Russland (russisk Генеральный штаб Вооружённых сил Российской Федерации; Generalnyj sjtab Vooruzjonnykh sil Rossijskoj Federatsii) er Forsvarsdepartementet i Russland sitt sentrale og viktigaste organ for leiing av dei russiske væpna styrkane, og fører kommando over alle forsvarsgreiner.

Generalstaben forvaltar leiing av dei væpna styrkane, organiserer planlegging av forsvar av Russland, førebur mobilisering og koordinerer verksemda i alle forsvarsgreiner. Generalstaben er inndelt i ei rekkje hovuddirektorat (glavnoje upravlenije), direktorat (upravlenije) og kommandoar.
Remove ads
Struktur

Direktorat:
- Operativt hovuddirektorat
- Andre hovuddirektorat (Tidlegare GRU - frå 2017 berre kalla Hovuddirektoratet)
- Hovuddirektorat for organisering og mobilisering
- Hovuddirektorat for samband
- Direktorat for elektronisk krigføring
- Direktorat for militær topografi
- Åttande direktorat
- Direktorat for utvikling av droner
- Direktorat for operativ førebuing
Kommando:
Det finst eigne kommandoar for hær- sjø- og luft/luftforsvar og dessutan for Russlands strategiske rakettstyrkar og Russlands luftlandestyrker.[1]
Remove ads
Referansar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads