George Gershwin
amerikansk pianist og komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
George Gershwin (26. september 1898–11. juli 1937) var ein amerikansk komponist og pianist.
Remove ads
Bakgrunn
Gershwin var fødd som Jacob Gershovitz i Brooklyn i USA som son av jødiske innvandrarar frå Russland. Frå tiårsalderen fekk han piano-opplæring hjå Charles Hambitzer på Manhattan, der familien var busett, og blei med i Tin Pan Alley-miljøet.
Han oppnådde tidleg suksess, først med «Swanee», framført av Al Jolson i 1921. Gerswhin sitt første orkestrale verk var Rhapsody in Blue, urframført med Paul Whitman sitt orkester i 1924, under tittelen Experiments in Jazz. Fleire musikal-oppsetjingar følgde (Oh Kay!, Of Thee I Sing av dei mest kjende), der ein fekk ein serie med kjende melodiar som Embracable you og I got rhythm. Eit fleirtal er omtykte som amerikanske klassikarar og med i «The Great American Songbook». Broren Ira Gershwin var tekstforfattar på dei fleste av desse. Folkeoperaen Porgy & Bess opptok han i over eitt år, frå 1934, og fekk si urframføring i New York i 1935 med den amerikansk-norske Anne Brown i ei av hovudrollene.
George Gershwin var ein klassisk komponist sterkt påverka av Maurice Ravel og Igor Stravinskij, som avslo bøna hans om å gje leksjonar; dei meinte læringspotensialet var høgare andre vegen. Han døydde i Hollywood av hjernesvulst.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «George Gershwin» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2008.
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads