Georgetown i Guyana
hovudstaden i Guyana From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Georgetown er den største byen og hovudstaden i Guyana. I 2024 hadde byen om lag 235 000 innbyggjarar, og ligg ved utlaupet til elva Demerara ved Atlanterhavet. Byen ligg under havnivået og er verna av dike. Brorparten av handelen i landet går gjennom hamna i byen. Her finst tekstilindustri, sukkerfabrikkar og det vert fiska etter reker. Byen er endepunktet for to jarnbanestrekkjer langs kysten og har eit universitet frå 1963.[2]
Georgetown vart grunnlagd av britar i 1781. Byen vart seinare okkupert av franskmenn og nederlendarar fram til 1812. I byen er det ei anglikansk domkyrkja i tre frå 1889, og er med ei høgd på 44 meter mellom dei høgste trebygningane i verda.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads